Transport/overnatting
Til Evanger kjem du med både buss og tog, men her er begrensa med overnattingsmoglegheiter.
Mestad Camping ligg vakkert til i ”sykkelavstand” nokre kilometer inn i Teigdalen.
Festivalcamp
Det vert ein provisorisk festivalcamp like i nærleiken av festivalområdet. Her kan me tilby grasplen for telt og oppstillingsplassar for campingvogn og bubil. Toalett, vatn og dusj like i nærleiken. Festivalcampen er i år gratis.
Sovesal
Me kan tilby sovesal ca. 500m utanfor festivalområdet. Ta med noko å liggja på og ”sov-i-ro” .
Tilgang til toalett og frukostkjøkken (kaffitrakter, bestikk, service…)
Sovesal kostar kr.50 pr.pers/pr.natt
Transport
Bussruter frå Voss og Bergen (pdf)
Togruter frå Voss og Bergen (pdf)
Festivalbuss
Det går buss til Bergen (Bystasjonen, pris kr.150) og Voss (Tinghusplassen pris kr.50,-)natt til sundag kl.01.30. Bussen går, uansett påmelding, men det er begrensa antal plassar.
Du kan reservera plass på e-post til post@balkanfest-evanger.com.
Reserverte plassar må betalast når du går inn på festivalen og seinast kl.22.00 på laurdagskvelden dersom du skal vere sikra plass.
-------------------------------------------------------------- |
||
sist oppdatert:31.08.09 |
||
© Balkanfest Evanger 2008-2009 |
||




