Våre støttespelarar:

Voss Kommune

Voss Kommune

Norsk Kulturråd

Hordaland Fylkeskommune
Hordaland Fylkeskommune

Voss Sparebank

Voss Veksel- og Landmannsbank
Voss Veksel og Landmansbank

Prosjekt Sørvis
Styve Møbelsnikkeri

Evanger:

Evanger

Evanger er ein gamal handels- og handverksstad i Voss Kommune med omlag 300 innbyggjarar. Det særprega og verna trehus-sentrumet vart bygd i midten av 1920-åra, etter ein storbrann i 1923.
Bygda er kanskje mest kjend for tradisjonsrike produksjonsverksemder av spekemat og korv, men har òg mykje anna å by på.
Evanger har eigen barne- og ungdomsskule, barnehage og aldersheim. Mange små og mellomstore verksemder gjer at Evanger har overskot av  arbeidsplassar i forhold til folketalet.
Kraftstasjonen som ligg 1,5km rett inn i fjellet frå sentrum er BKK sin største, og av dei aller største på Vestlandet.  
Eit aktivt lagsliv, ofte i samarbeid med nabogrendene Brekkhus, Bolstad og Bulken, gjer Evanger til ein god stad å bu, både for små og store.

Me ynskjer særleg å trekkja fram at bygda har vorte berika med tilflyttarar frå andre land og kulturar dei siste par ti-åra, og då særskild familiane frå ex-Joguslavia. Dette har lagt grunnlaget for den største årlege kulturhendinga på Evanger, nemleg Balkanfest.

Evanger

Evanger Sentrum

Bileta henta frå Voss Now

Kart

 

 

 

--------------------------------------------------------------
sist oppdatert:23.08.10
© Balkanfest Evanger 2008-2010