Rakija
Rakija er eit balkanband utenom det vanlege. Men det er også navnet på det vidkjende balkanske brennevinet. Begge utgåvene av rakija vil varme deg langt inn i sjela, og gje deg ei uuthaldeleg trong til å danse, danse, danse! 
Bandet Rakija vart starta i Oslo i 2007 av musikerarar med aner fra Serbia og Noreg. Dei speler tradisjonell folkemusikk frå Balkan i nye, friske arrangement med element frå mellom anna rock og klassisk musikk. I tillegg består ein stadig større del av repetoaret av sjølvkomponerte låtar.
Sidan starten har Rakija etablert seg som eit populært og spanande liveband i Oslo med musikk og scenesjarm som appellerar til musikkglade i alle aldrar. Dei har spelt på scener og klubbar mellom anna i Oslo, Bergen, Stavanger, Tønsberg og Drammen.
Besetning:
Biljana Dragisic - vokal
Merete Fjeldbo - vokal
Irena Banjeglav - fiolin, kor
Atle Tømmervok – trompet
Janko Radovanovic - gitar, kor
Are W. Thoma - bass
Halvor Dahle - trommer, perkusjon
Gjestemusikere:
Benny Solli - trompet
Ingrid Eliassen – trompet
Joao Lobo - perkusjon
Rakija på MySpace
-------------------------------------------------------------- |
||
sist oppdatert:31.08.09 |
||
© Balkanfest Evanger 2008-2009 |
||




