Loli Ruža
Damekoret Loli Ruža frå Stuttgart framfører songskattar frå rom-folket si store skattekiste.
Loli Ruža er eit damekor basert i Stuttgart. Koret vart starta i 1997 og har spesialisert seg på den Aust-Europeiske songtradisjonen. Dei syng tradisjonsmusikk frå Bulgaria, Romania og Tsjekkia. Dei har særleg fordjupa deg i songar frå romfolket i Tsjekkia. Med sine spanande harmoniar, vekslade rytmar, og lideskapelege tekstar er dette kormusikk utanom det vi vanlegvis er vande med. I 2004 urframførte Loli Ruža musikkspelet “Count Dracula, you are so cold – the story of Dracula“ , basert på Bram Stoker si forteljing, med Boris Hauck (no busett i Begsdalen) som tekstforfattar og regissør. Forestillinga hausta flotte kritikkar, både for musikken og for prestasjonane på scena.
-------------------------------------------------------------- |
||
sist oppdatert:31.08.09 |
||
© Balkanfest Evanger 2008-2009 |
||




