Süperstar Orkestar
...er noko så sjeldant som eit heilsvensk balkan-brassband frå Stockholm. Bandet er sett saman av musikarar med solid utdanning og brei erfaring innan klassisk, jazz og folkemusikk etc., men lat deg ikkje lure: Süperstar er eit ekte Trubaci-band, med trøkk, driv og ikkje så reint lite balkansk villskap!
På repertoaret står tradisjonell serbisk og makedonsk festmusikk, og eigne låtar som gjev deg kjensla av å vere i ein ellevill bryllupsfest ein stad på balkanhalvøya. Süperstar Orkestar har spelt på klubbar, festivalar, radio og TV i m.a. Frankrike, Portugal, Canada, USA, Danmark, Finland og Noreg. Dei har også turnert i Makedonia og Serbia, der dei mellom anna spelte for fleire tusen menneske på den enorme Guca-festivalen.
Süperstar Orkestar:
Jens Edenhed - klarinett
Lars Ydgren - saxofon
Magnus Hedenborg - trompet
David Bryntesson - trompet
Håkan Säfvestad - tenor tuba
Anton Grandert - tenor tuba
Göran Christensen - tuba
Erik Nilsson - davoul
Spelar på den store scenen fredag kl.22.30 og BadnaBalkan laurdag kl.12.30.
Süperstar Orkestar på MySpace
sist oppdatert: 15.05.12 |
||
© Balkanfest Evanger 2008-2012 |
||







