Bengalo
Vill og yr! På romani er det nettopp det Bengalo betyr, og namnet står godt til musikken deira. Bandet vart starta i Trondheim i 2000 av den serbiske trekkspelvirtuosen Jovan Pavlovic. Dei har Romani-folket sin musikk som drivkraft med si lidenskap, virtuositet og livskraft, og sponanitet og improvisasjon står i sentrum. Dei fem musikarane har bakgrunn frå vidt forskjellige sjangrar som punk, folkemusikk og jazz, og resultatet vert autentisk balkanmusikk med eit friskt, personleg særpreg. Dei har gjeve ut to plater, Vir (2004) og Sigg Sigg (2006), og har spelt på ei rekkje festivalar i inn- og utland.
Bengalo:
Anne Fossen – vokal
Jovan Pavlovic – trekkspel
Christian Haug – gitar
Mats Eilertsen – bass
Helge Norbakken - perkusjon
Bengalo på MySpace.
sist oppdatert: 15.05.12 |
||
© Balkanfest Evanger 2008-2012 |
||







